Takk for at du ser innom! Vi setter stor pris på besøk av deg, og at du viser interesse for våre tenester.

Tryggleik og personvern

Koppen Industrier ønsker at du skal føle deg trygg når du besøker våre sider, og vil forsikre deg om at personleg informasjon blir behandla på en sikker måte av oss som behandlingsansvarleg.

Personvernerklæring
Vi har forplikta oss til å ta vare på ditt personvern. Du kan gå til nesten alle nettsidene våre utan å gje oss noko informasjon om deg sjølv. Men nokre gongar trenger vi informasjon for å gje deg tenester som du ber om, og denne erklæringa om vern av personlege opplysningar gjev opplysningar om innsamling av data og bruk av data i slike situasjonar.

Kryptert kommunikasjon
All informasjon du sender til oss over internettet blir kryptert når det blir sendt, og dekryptert på vår nettstad. Ingen uvedkommande kan derfor gjere seg nytte av den informasjonen som blir sendt.

Innsamling av personlige opplysninger
Vi samlar også inn enkelte opplysningar om maskinvare og programvare. Desse opplysningane kan være: IP-adresse, type nettlesar, operativsystem, domenenamn, tilgangstid og adresse til webområde. Denne informasjonen brukast til å drive nettsida, oppretthalde kvaliteten på nettsida og gje generell statistikk for bruken av vår nettside.

Underleverandører
Våre underleverandørar av maskinvare eller programvare har ikkje tilgang til våre kundar sine personlege opplysningar med mindre dette er blir gjort tilgjengeleg av kunden sjølv via andre kanalar enn Koppen Industrier. Koppen Industrier nyttar ikkje underleverandørar eller gjev personar som ikkje er tilsett hos oss tilgang til support, drift eller utvikling.

Cookies
Vi bruker cookies berre for å forbetre brukaropplevinga og sørge for at dei vala du har teke blir huska. Desse blir sletta ved neste oppstart av din nettlesar. I tillegg blir det lasta cookies frå Google analytics som vi nyttar til å analysere bruksmønster av nettstaden. Personlege opplysningar eller annan informasjon blir ikkje lagra frå vår nettside.

Bruk av personlige opplysninger
Vi bruker dei personlege opplysningane til følgjande formål:

  • For å sikre at nettstaden dekkjer dine behov.
  • For å levere produkt og tenester, som nyheitsbrev, spesialtilbod og annan informasjon som du ber om eller kjøper.
  • For å hjelpe oss med å lage og publisere innhald som er relevant for deg.
  • For å varsle deg om nye tenester, spesialtilbod og oppdatert informasjon frå oss, dersom du ber om det.

Kontroll av personlige opplysninger
Når du registrerer deg, eller på annan måte gjev oss personlege opplysningar, vil ikkje Koppen Industrier dele denne informasjonen med tredjepartar utan ditt løyve. Informasjonen vil berre bli brukt til formåla nemnt ovanfor. Dersom du registrerer deg, fortel du oss også korleis og om du vil at vi skal kommunisere med deg. Ønsker du å endre eller slette personleg informasjon om deg sjølv, kan du når som helst gjere dette ved å ta kontakt med oss.

Les meir om oss i Koppen Industrier her.

Kontakt oss
Sende ein førespurnad om varer, prisar og leveringstid

    Har du spørsmål knytta til våre tenester eller produkt, ikkje nøl med å ta kontakt

    Kontaktinformasjon
    Adresse: Morkafura 12, 6105 VOLDA
    E-post: post@koppenind.no
    Telefon: 700 45 990

    Opningstider
    Mandag – Fredag: kl 08:00 – 17:00
    Laurdag: kl 09:00 – 14:00
    Søndag: Stengt