Fjordbygg bygger bustader med høg kvalitet

Fjordbygg er eit utbyggingsselskap eigd av Koppen Industrier AS. Selskapet vart starta i 2014 for utbygging av Strandeigedomen i Volda kommune. Prosjektet vart vidareutvikla til det vi i dag kjenner som «Fjord terrasse».

Fjordbygg skal være ein totalleverandør av nøkkelferdige bustadar. Bustadane skal være innhaldsrike med kvalitetsprodukt, bygga skal settast opp i materialer som krev minimalt vedlikehald, og det skal være tilrettelagt med nødvendige fasilitetar som sikrer høg levestandard.

Fjord terrasse byggesteg 1 med oppstart i 2021 inneheld tre blokker med i alt 15 leilegheiter. Det første byggesteget skal byggast i den delen av feltet som ligg på nedsida av Gamlevegen.

Etter planen skal Fjordbygg AS bygge i alt sju blokker med til saman 33 leilegheiter. Dette skal gjerast i to byggesteg. Først i feltet nedom Gamlevegen, og seinare kjem byggesteg to ovanfor vegen.

Klikk her for å lese meir om prosjektet Fjord terrasse på Fjordbygg si nettside.